KONRADLØPET

KONRADLØPET


Arrangør: Velledalen Idrettslag
Påmeldingsfrist: 30.04.2024 21:30

Tid


Sted

Vis kart


Konradløpet er eit 4,5 km langt landevegsløp for å ære minnet etter Konrad Brunstad (Mons-Konrad 1910-2000). Konrad byrja å trene då han var i 70-åra, etter ein tur til USA der han observert fenomenet ”jogging” Vel heime starta Konrad på sine eigne joggeturar. Forma vart stadig betre og han deltok ved fleire høve i Ålesund halvmaraton – også etter han hadde passert 85 år. Konrad likte best å trene tidleg om morgonen, då lufta var reinast. Difor startar løpet i gryotta klokka 05.00. Ei av dei faste treningsløypene hans var ”runden” frå Brunstad til Hole og tilbake, akkurat der Konradløpet no går. Andre faste treningsturar var på fjellet Koppen, eller ein kjapp tur på Vellesætra.

Før fellesstarten vert det felles oppvarming og etter endt løp blir det servert frukost før premieutdeling, visning av Konradfilmen og eventuelt andre krumspring. Konradløpet er ei massemønstring der du like godt kan gå som å springe eller begge deler (gogging) om du det vil.


Administratorer


Kommentarer

Du må logge inn for å poste i veggen.