FJORÅRETS GRENSESPRENGJAR: ANDERS WESTRHEIM
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Feb 2026

Prisen vart delt ut i Oslo 24. februar 2026
Anders Westrheim kjem frå Åsane i Bergen, men har siste åra hatt opphald i hovudstaden. Han har trena godt i fleire sesongar, og då han melde seg inn i Velledalen IL, fekk vi kjennskap til at hovudmålet var å sprengje 34.00-grensa på 10 km.
Noko han ikkje var i nærleiken av å greie i 2024-sesongen. Men Anders tok grep. Han fekk inn ein dyktig løpar – Marius Vedvik frå Førde – som personleg trenar. Dette kombinert med plikttru trening, gav resultat. Vi skjøna at noko var på gang då han noterte 34.27 under «10 for Grete» i Oslo i september. Målet vart nådd under Hytteplanmila i oktober med tida 33.59, og pressa yttarlegare ned til 33.50 under Jessheim Vintermaraton.
Dermed vart det fortent pris til Anders Westrheim under Idrettsgallaen for 2025, delt ut med Slottet i bakgrunnen tysdag 24.februar 2026. Diverre var ingen frå juryen tilstade, men karane Frode Mauren, Bjørn Arve Brune og Alf Petter Bøe er trioen som går god for prisen.
Vi nemner vidare at Anders i 2025-sesongen noterte 9.32 på 3000 meter baneløp, og han noterte ikkje mindre enn fire løp på 5000 meter bane – alle fire i området 16.30 – 16.49
Anders er i god trening mot ein ny sesong. Det vert ikkje notert som ein sensasjon om persane hans på 5000 meter og 10 km fell i løpet av sesongen:
- Eg er imponert over farta til karar som Constantin, Njål og Espen. Målet er å krype litt nærare i løpet av 2026-sesongen, seier han på velklingande bergensdialekt.
Bergensarar plar vere gode å halde på språket sitt
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.