Ei veke til siste karuselløp i Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mar 2026
Langtidsvarselet melder knallforhold; 11 plussgrader og overskya opphaldsvêr
VIL-utøvarane trenar fram mot den meir alvorlege delen av sesongen. Laurdag var eit fint knippe på plass i fellestrening langs Sørestrandvegen. Opplegget var tilpassa den enkelte. Frank køyrde 8X3 minutt som hovuddel, Frode og Vegard 10 X 3minutt, medan Bjørn Arve var gjennom ei litt meir komfortabel sone 2-økt.
Kor mange av desse som stiller under siste løpet av Vinterkarusellen i Fremmerholen 8.mars, veit vi lite om. Kanskje vert det alle, som i så fall betyr come back for Vegard Tandstad. Han har trena godt siste perioden og alt tyder på solid form. Elles er det slik i vinterkarusellen at ein må ha tre løp eller fleire for å bli premiert. Velledalen IL har 11 i denne kategorien hittil.. Vidare har vi fem utøvarar med to løp, som er løparar som MÅ delta 8.mars om dei vil ha samanlagt-premien. Dei fem med to løp er:
Jone Schmidt Breivik
Pernille Linga
Ludvig With
Trond Bonesmo
Sverre Kjerpeset
Av desse fem har Ludvig alt meldt seg på. Sju døgn før siste løpet står ti namn på påmeldingslista. Alt tyder på at deltakinga vert god. Det same vert forholda om meteorologane treff:
11 plussgrader og overskya opphaldsvêr, seier dei sakkunnige sju døgn før løpet
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.