Førjulsmessa i Velledalen har opna for påmelding

Postet av Atle Jomar Hole den 11. aug 2026

 

Datoane i 2026 vert 21. og 22.november.

 

Det var VRF som starta som messe-arrangør i Velledalen – i 1993. Den gongen som ei vår-messe, men alt året etter hadde messa fått namnet Førjulsmesse. November vart etter kvart fast arrangements-månad. Fleire lag og organisasjonar har gjennom åra vore inne som arrangørar, men siste åra har messa vore eit reint Velledalen IL føretak.

 

HER KJEM NOKRE OPPLYSNINGAR VEDKOMANDE FØRJULSMESSA 2026 – ARRANGØR: VELLEDALEN IL:

STAD: Velledalen grendahus

TID: Laurdag 21.november klokka 11.00 – 17.00/Sundag 22.november klokka 11.00 – 16.00

PÅMELDING: forjulsmesse@gmail.com – kontaktperson: Myriam Van Wunsel tlf. 479 06 480

OPPLYS VED PÅMELDING:

  • Kva produkt vil du selje
  • Kva treng du av plass (bord/vegg, begge deler), utestand, storsalen eller vestibyle…?
  • Kva dag (laurdag/sundag eller begge)

SPØRSMÅL:

  • Kan rettast til messesjef Myriam Van Wunsel (forjulsmesse@gmail.com – tlf 479 06 480), eller du kan stikke innom arbeidsstova hennar i Sykkylvsvegen 1923 (Hole i Velledalen).

Logg inn for å skrive en kommentar.