Trimpostane: Avgjort på Brunstadsætra
Postet av Atle Jomar Hole den 28. aug 2026
Søskenpar nærmar seg 400 turar på toppen av lista.
I perioden oktober 2024 til oktober 2025 samla trimposten på Brunstadsætra flest noteringar av Velledalen IL sine 15 postar. Korleis det blir i den sesongen som no går mot slutten, er uvisst, men sikkert er det at posten på Brunstadsætra vil ende høgt oppe på lista.
Velledalen IL hadde ein meldar på posten torsdag føremiddag. Då var stoda slik:
242 turar: Inger Anne Brunstad
141 turar: Henning Brunstad
121 turar: Veronika Ulriksen
102 turar: Svein Helge Hjorthol
92 turar: Arnt Gunnar Brunstad
Like ved: Iwona Uchal med 73 turar.
Alt tyder på at søskenparet Inger Anne og Henning Brunstad samla vil passere 400 turar i løpet av sesongen. Og det er verdt å merke seg at topp-5 ved posten åleine har kring 700 turar. Så at posten på Brunstadsætra er populær herskar det liten tvil om. Heller ikkje tvil om at Inger Anne er «dronninga» av Brunstadsætra
Logg inn for å skrive en kommentar.