Kong Harald V: Eit VIL-minne
Postet av Henning Tandstad den 29. aug 2026

I høve Hans Majestet Kong Harald V bortgang, deler vi eit VIL-minne frå ganske nøyaktig 4 år sidan, då Atle Hole, ei av eldsjelene i Velledalen IL, hadde æra av å ta del i ei mottaking på Kongeskipet «Norge»:
Torsdag 1. september avslutta Kong Harald og Dronning Sonja visitten til fem sunnmørs-kommunar med mottaking om bord i Kongeskipet «Norge». Velledalen IL var der.
I alt var 50-60 personar, frå dei fem kommunane Kongeparet var innom, gjestar hos Kongen og Dronninga. Delegasjonen frå Sykkylven talde tolv personar, med ordførar Odd Jostein Drotninghaug i spissen. Med var også kultur-legendene Åge Frøystad og Hallstein Kurset, og personar frå ungdomsrådet. Elles gjekk plassane til rørsler som speidar, musikk, idrett og tur-tilrette-legging. Frå idretten hadde Sykkylven IL, Ikornnes IL og Velledalen IL kvar sin representant. Sidan VIL-leiar, Ove Inge Skylstad, ikkje hadde høve til å delta, vart det nestleiaren, Atle Hole, som reiste frå laget vårt.
- Det har vore eit mål i valet av personar at det meste av kommunen skulle vere representert, orienterte ordføraren i Sykkylven, Odd Jostein Drotninghaug.
Seansen fann stad på Hareid. Delegasjonen frå Sykkylven reiste i samla tropp med buss frå kommunehuset . Vel framme på Hareid vart det litt spent venting. Så fekk vi orientering om skipet frå skipslegen om bord (med sterke aner frå Sunnmøre), før vi vart frakta i mindre båtar mot Kongeskipet. Der vart vi varmt helsa velkomen om bord, uansett kva lei vi vende hovudet. Så opp nokre trapper, og der stod Kong Harald og Dronning Sonja i all si venlege prakt. Varme, faste handtrykk vart veksla, og vi vart på ny helsa velkomen om bord. Så gjekk vi ein stubbe til, og der låg gjesteboka open framfor oss. Med lett skjelving på handa, drog vi pusten, og signerte. Brått var vi på øvste dekk…
Her var det fest dei neste 40 minutta. Eit stort tal servitørar og hjelparar gjorde at det aldri mangla noko i glasa eller på fata. Stort sett den type mat ein sjeldan et. Smått i storleik og godt på smak. Mellom anna farleg god heimelaga sjokolade. Kong Harald sat ved eit rundt bord og snakke med ulike gjestar. Frå dei på nesten 100 år til dei yngste under 20 år. Dronning Sonja, svinsa lett på foten rundt mellom gjestane. Slik fekk ho veksla ord med mange.
Mottakinga var tidsett til klokka 14.30 – 15.30. Siste fem minutta nytta Dronning Sonja til å lovprise Sunnmøre og dei fem besøkte kommunane spesielt. Ho takka for alt dei hadde fått opplevd – på vegne av seg sjølv og Kong Harald, som slapp anna enn samtykke Dronninga sin tale. Så tok vi –varme om hjartet – farvel, og vart frakta trygt i land – ei glede og ei ære rikare!
PS. Takk til Sykkylven Kommune – det er dette ein kallar eit livslangt minne!
PS 2. Takk til Ove Inge Skylstad som sende nestleiaren!
Logg inn for å skrive en kommentar.