Trondheim Maraton: Alf Petter og Lovise var der.
Postet av Atle Jomar Hole den 6. sep 2026

Svakare deltaking enn vanleg frå Velledalen IL i år, men vi var representerte mellom kring 10 000 påmelde.
Siste åra har vi hatt 5-6 utøvarar i sving under maraton-helga i Trondheim. I år måtte vi nøye oss med to, alf Petter og Lovise Bøe. Begge hadde meldt seg på milløpet (10 km) saman med meir enn 2500 andre. Nær 400 av dei påmelde starta ikkje, truleg til stor glede for arrangøren. Då startkontingenten ikkje vert refundert, er det dei fråverande som genererer størst overskot.
Planen til far og dotter Bøe var truleg å få ei delt plassering. Men det ville ikkje arrangøren (Nidelv IL) vere med på. Begge fekk tida 1.17.12, men Alf Petter står oppført som nummer 2044, Lovise som nummer 2045. Det viktigaste er at dei var på plass, og representerte Velledalen IL på ein verdig måte (Sjå foto).
Raskast gjennom løypa var ein kar ved namn Thomas Fremo, Fjellørnen IL, på tida 31.11. Hanne Mjøen Maridal, Strindheim IL, var raskast av kvinnene på den fine tida 31.44.
Logg inn for å skrive en kommentar.