Herdla Backyard Ultra: Hilmar vann!
Postet av Atle Jomar Hole den 6. sep 2026
Då er det klart at vår eigen Hilmar vann heile stasen på Herdla – prispengar kr 5000,-
Backyard Ultra-konseptet er som skapt for Hilmar Kråkenes. Han hadde ikkje sprunge meir enn 1 eller 2 rundar før han sende melding på Strava:
- Løypa passar meg godt!
Og det gjorde den tydelegvis. Etter 23 rundar (154 km) gav Sjur Breivik seg. Dermed var trioen Hilmar Kråkenes, Vilde Alstergren og Jørgen Stenersen att åleine. Hilmar på nær 50 år, dei to andre langt yngre (i 20-åra). Men i denne idretten spelar alder heller lita rolle. Her gjeld det å tole mengde, vere psykisk sterk og ha viljestyrke over snittet. Trioen glei gjennom runde 24, runde 25, runde 26, runde 27, runde 28, runde 29, runde 30 og runde 31 utan at noko spesielt hende. Alle tre starta så på runde 32, men då står det å lese – med gullkanta skrift for alle som er glade i Velledalen IL og Hilmar - på noko som heiter «my race result»:
Fullført runde 32: Hilmar Kråkenes, Velledalen IL – 214,4 km. Tidsbruk: 24.41.22
Startet runde 32: Vilde Alstergren og Jørgen Stenersen.
Hilmar vann altså utan å måtte setje personleg rekord. Den er frå Svelvik tidlegare i år og lyder på 35 rundar, kvar på 6,7 km.
VELLEDALEN IL ER STOLTE AV HILMAR KRÅKENES I DAG !
Store gratulasjonar til Hilmar og resten av teamet:
Malin Berge
Åse Maria Lien
Steinar Thorsen
Logg inn for å skrive en kommentar.