Kjempeoppstart for barnetrimmen!

Postet av Ann-Helen Hole den 6. Jan 2026

I dag vart barnetrim arrangert i Velledalen grendahus for fyrste gong. Veldig kjekt at så mange som 16 born møtte opp! Her fekk dei prøve seg på ei hinderløype med mange varierte øvingar. 

Neste tysdag er det klart for ei ny økt. Same stad og same tid; Velledalen grendahus klokka 17.00. Tilbodet er for dei minste borna mellom 0-5 år, med fokus på motorikk, balanse og koordinasjon. Alle foreldre bidreg og er aktive med sitt born på trening. Ein treng ikkje melde seg på på førehand. Pris for å vere med er 100 kr, det gjeld då for heile 2026. Er ein usikker på om dette er noko for sitt barn, er det lov å komme nokre gongar for å prøve.

Velledalen IL rettar ei stort takk til initiativtakar Hannah Velle Vadset! Dette sett vi stor pris på. 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.