Idrettsskulen treng nye vaksne
Postet av Ann-Helen Hole den 10. aug 2026
Idrettsskulen til Velledalen IL treng nye vaksne om tilbodet skal halde fram. Dei som har stilt på i fleire år, har av forskjellige grunnar ikkje moglegheit til å vere med i haust. Er dette noko du kan tenke deg å ta på deg? Ta i så fall kontakt med Ann-Helen Hole (annhelen90@gmail.com/41 85 98 30)
Idrettsskulen har dei siste åra vore eit tilbod for barn i 1.-3.klasse, og har hatt aktivitet ein gong i veka frå september - mai, med juleferie i desember. Tanken er at borna skal få prøve ut forskjellige aktivitetar og vi har mellom anna vore innom orientering, skileik, symjing, friluftsliv, friidrett med meir. Korleis ein eventuelt vil organisere tilbodet står ein ganske fritt til og ein kan velje andre aktivitetar enn dei vi har hatt dei siste åra.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Ann-Helen Hole
Ynskjer du å bestille Velledalen IL-shorts?
31.05.2026
Fargeklatt fyller 60 år i dag
28.01.2026
Kjempeoppstart for barnetrimmen!
06.01.2026
Vinnarar av loddboka 2025
15.12.2025