Nytt løp i Ålesund Vinterkarusell 12.februar

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Feb 2022

Friidrettsleiar Alf Petter Bøe har oppmoda VIL-Nett om å kome med ei påminning om at fjerde løpet i Ålesund Vinterkarusell vert avvikla 12.februar.

   Oppmøte er ved Dekkmann i Fremmerholen. Som vanleg er det valfritt om ein vil springe fem eller ti kilometer.
10 km har start klokka 14.00. 5 km klokka 14.05.

Det er no opna for påmelding. Måndag klokka 15.00 stod fire namn på lista – ingen av desse VIL-løparar.
VIL-Nett tippar laget vårt vert representert med ein stad mellom 5-10 løparar.

PS. Ålesund Nyttårsmaraton som
     ikkje vart arrangert i romjula, har fått ny dato. Den vert avvikla 6.mars. I skrivande stund med 49 påmelde. Fem av desse frå Velledalen IL – alle fem på halvmaraton.
    
    
...