Trimpostane: Stabilitet med Grethe på toppen

Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Nov 2019

Skogsvegen Fet er ein
forunderleg trimpost. Ingen annan post er så sterkt prega av stabilitet. Både
når det gjeld talet turar kvar sesong og kven som går desse turane.

Nyt dei jamne og fine tala for siste fem åra for
trimposten i skogsvegen Fet:

2015: 1015 turar

2016: 1088

2017: 1154

2018: 1109

2019: 1081

Trioen Grethe Fet,
Odd-Kåre Fet og Astrid L Drabløs har nærast gjort ein dagleg tur til trimposten
til livsstil. Hadde det ikkje vore for denne trioen, hadde det vore ein «pjasken»
trimpost. Faktum er at trioen har 946 av totalt 1081 turar – slå den!

   Men heldigvis finst der andre lyspunkt òg.
Som at siste plassen på topp-5 i 2018 gjekk på fire turar, mot ti i 2019.

  Her er topp-5 for siste år, skogsvegen Fet:

1. Grethe Fet, 334 turar

2. Odd-Kåre Fet, 330

3. Astrid L. Drabløs, 282

4. Alf Petter Bøe, 27

5. Helen Longva Fet, 10

Rekkjefylgja mellom postane siste år:

6. Skogsvegen Fet, 1081
noteringar (Grethe Fet trimpostvinnar)

7. Myrdalsfjellet, 802, (Elling Hole)

8. Skogsvegen Drabløs, 668, (Annlaug Lervåg)

9. Skogsvegen Hjorthol, 485, (Ingrid Brudevoll)

10. Koppen, 461, (Ingrid Brudevoll)

11. Regndalen, 432, (Geir Helge Grebstad)

12. Brunstadkølen, 248, (Veronika Ulriksen)

13. Høgsætra Fet, 102,
(Anita Mosby Nakken)

14. Holetindane, 95, (Nils
Terje Skylstad)

Kjønnskampen:
  Kvinner – menn
    6-3