VIL treng hjelparar til Konradløpa

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Apr 2018

Det er ikkje akkurat få
oppgåver som skal fyllast, kvelden 30.april og natt til 1.mai.

Under Minikonrad satsar vi
på eit ganske sunt matopplegg, men 5-6 kaker må vi ha. Ikkje prangande
blautkaker, men kaker ein bestefar eller bestemor kan tenkje seg til kaffien
medan dei ventar på borneborna. Vi skal ta mot bilar til parkering,
påmeldingar, løypevakter, målsegl skal opp, startfelta skal organiserast og
startast, drikke skal delast ut, speakerteneste, matsal oppe og nede i
grendahuset og premieutdeling.

Vidare skal vi ha
stemnekontor oppe i grendahuset med påmeldingar til hovudløpet, utdeling av
startnummer og mottak av kontingent. På Brunstad skal stemnekontoret i Margarinfabrikken
bemannast frå 04.15. Målsegl skal på ny riggast opp, Bjørg si oppvarming er
populær, og drikkestasjonen i Holeøyane skal bemannast. Så skal startaren på ny
i aksjon, saman med tidtakarar-teamet som har ein viktig jobb. Frukosten på
grendahuset har Velledalen grendalag fått tilbod om å ta seg av dette året. Vidare
skal det vere utdeling av premiar trekte på startnummer, utdelingar av diplom,
medaljar, 10-og 15 års premiar, Konradfilmen skal visast, og premiar skal ut på
scena
   Så skal det ryddast opp, settast
opp resultatlister og leggast ut stoff frå løpa på nettsida.

Alle som vil lette
arrangementet kan melde seg – og gjerne fortelje kva dei vil gjere – til:

Alf Petter Bøe tlf 901 62 279

Atle Hole
  
E-post:atlehole@online.no – 917 43 761