Stranda Fjord Trail Race

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Aug 2015

Starten går klokka 09.00.
På grusveg inne i bygda, som strandarane kallar det. Derifrå går løypa på fin
tursti til Liavarden (799m). Seinare skal Kjell Magnar innom Fremste Blåhornet
(1478 meter) og Heimste Blåhornet (1336 meter). Så berst det nedover mot
sentrum igjen. Derifrå skal utøvarane opp på Roaldshorn (1230), før det vender
nasa mot Roaldspaviljongen og målgang på drygt 1000 meter.

Det finst også noko som
vert kalla Stranda Fjord Trail Race Light (forferdeleg namn). Dei slepp unna
med siste delen av hovudløpet – det vil seie strekninga frå Stranda sentrum til
målgang på Roaldspaviljongen. I overkant av åtte kilometer. Lightversjonen har
nedre aldersgrense på tolv år, hovudløpet på 33 kilometer har 15 års grense.

Hell og lukke til Kjell Magnar!
  Resultata kjem på nettsida i løpet av helga

PS.
  Går vi
ei veke lenger fram i tid står Birkebeinerrittet for tur for Berlien. Der er
målet

merkekravet. Utan uhell
går det greitt, og mannen vert Superbirkebeinar for 2015! Som vil seie at han
har greidd merkekravet i rennet, løpet og rittet i same kalenderår.