Sju personar på årsmøte i VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Feb 2015
Velledalen IL avvikla årsmøte
denne veka med sju frammøtte. Botnrekord i moderne tid, og kanskje «all ever».
Men møtet gjekk sin gang på sedvanleg vis.
Alle gruppene la fram
fyldige årsmeldingar som vart godkjende.
Rekneskapen viste eit
overskot på drygt 7000 kroner, og var revisor-godkjend.
Det nye hovudstyret er
samansett slik:
Atle Hole, leiar
Ove Skylstad, kasserar
Karstein Jensen, nestleiar
Rolf Haxthow, sekretær
Marit Hole, styremedlem
Håkon Fedt, styremedlem
Linda Øye, styremedlem
Gruppeleiarar:
Langrenn: Svein Arne
Nakken
Friidrett: Alf Petter Bøe
Trim: Førebels ingen, då
Nils Skylstad hadde takka nei til attval, men det spørst om hans erstattar
finst.
Det er ingen løyndom at
det mellom dei attståande gruppeleiarane og styreleiar har vore samtalar om
avvikling av VIL. Årsak: Svak interesse mellom folket i nærområdet.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024