Hurra for Polen!!
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Mai 2014
Utanom Noreg, samla Polen
flest deltakarar i Konradløpet 2014. Før løpet hadde «Pe-Tomasz» den polske
rekorden på tida 19.50 sett i 2010.
I 2013 dukka det opp ein utfordrar til
rekordhaldaren i Olgierd Arski. Han gjorde då 20.35 og viste at potensialet var der. Olgierd har
truleg budd seg godt til årets løp. I alle fall kryssa han mållina i fin stil
på tida 19.23. Tomasz sat i Polen og måtte sjå at rekorden hans rauk med ein
margin på 27 sekund.
I 2013 sette Niek
Schreijer nederlandsk rekord med tida 18.21. ved påmelding kunngjorde han:
- Målet er å sette
ny nederlandsk rekord.
Den jobben greidde han. Og
tida 17.55 heldt til ein fin 14. plass totalt, etter ny bestenotering med 26
sekund. Begge døtrene hans kom inn på resultatlista med god margin.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024