Frå Gudbrandsdalen til Hyde Park, London

Postet av Henning Tandstad den 18. Feb 2024

Velledalen IL kan melde om sportsleg aktivitet i løp og langrenn laurdag 17. februar.

Vi startar i London. Laurdag morgon var Njål Torillson Tyssing på plass i Hydepark London, saman med Jon Fiva (søskenborn av Njål). Begge deltok i eit fem kilometer langt «parkrun». Njål kom inn på sterke 16.25, og skriv fylgjande på Strava:

Brutalt tungt, men betre enn frykta. Jon Fiva leverte også varene (godt under 17 minutt.

Vi kan vidare nemne at tida til Njål er den åttande beste som er levert i dette løpet. Og den beste som er levert vinterstid. Særdeles lovande så tidleg i sesongen!

I Gudbrandsdalen var parhestane Svein Arne Nakken og Fridtjof Fredriksen på plass då turlangrennet Furusjøen Rundt vart arrangert laurdag 17.februar. Begge gjekk distansen over 45 km, som hadde ikkje mindre enn 369 fullførande.

    I klasse M 55-59, der våre gutar sorterer, fullførte 30 utøvarar. Av desse vart Svein nummer 12, Fridtjof nummer 16. Set vi alle fullførande i spel i same klasse vart Svein nummer 154, Fridtjof nummer 180. Irene Mork var påmeld på distansen over 20 km, men fekk DNS bak namnet sitt grunna sjukdom.

Langrennsleiar i Velledalen IL, Svein Arne Nakken, fortel fylgjande om løpet:

Forholda var svært gode tidlegare i veka. Men torsdag kom det ein god del snø, seinare vind. Denne fokksnøen gjorde forholda betydeleg tyngre, med attfokne løyper og laust for stavane. Men personleg er eg godt nøgd. Potensialet mitt var ikkje større denne dagen – eg tok ut det eg hadde!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.