Full fart i løypa

Postet av Henning Tandstad den 20. Feb 2024


Arrangørane av Barnas Fjellsæterrunde har sendt følgande referat:

I god tid før startskotet for Barnas Fjellsæterrunde på søndag, var det eit yrande liv på startsletta. Og då klokka var presis 12.30 la 155 spente barn og ein del vaksne støttespelarar i veg på runden rundt Sætrevatnet. Rennet var ope for alle mellom 0 og 16 år, og dei litt større barna fekk fort opp farta i rennet som gjekk i fristil. Alle dei litt yngre barna la ned ein ihuga innsats med startnummer på brystet.

Ved Dravlausskiftet stod representantar frå Ikornnes IL klare med litt varm saft til svette og tørste skiløparar. Det gjorde godt med påfyll, før siste halvdel av rennet.

Ved målseglet venta folk frå Sykkylven IL med ei flott medalje som premie for godt gjennomført runde. Før ein fekk teke av seg startnummeret og fått i seg endå litt meir saft, var det mange stolte vaksne som foreviga sine håpefulle med medalja rundt halsen.

Det var mange vinnarar i søndagens renn og mange barn som smilte frå øyre til øyre, og meistringskjensla var stor. Mange nytta vidare dagen i det fine veret på Fjellsætra til å kose seg med mat og drikke og leik med venner.

Beste jenteløpar og beste guteløpar vart premierte med kvar sin flotte pokal. Sofie Fløttum Fauske (Aure barneskule) vart beste jente, og Inge Fohlin (Sykkylven ungdomsskule) vart beste gut i Barnas Fjellsæterrunde.

Idrettslaga i Sykkylven takkar alle som kom og gjorde dagen til ei stor oppleving.

Men eit arrangement gjer seg heller ikkje sjølv, så takka vere alle som stilte opp som funksjonærar frå dei ulike laga, er det mogleg å få det til!

Allereie førstkomande laurdag kjem ein ny sjanse til å bli med på skirenn. Då er alle barn, ungdomar og vaksne velkomne til å bli med i renn 3 av Telenor Fjellsætercup i langrenn. Og vi minner om at veret som regel er betre på Fjellsætra enn i lavlandet, så kom til fjells og delta i ei kjekk sosial «happening»!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.