Roger André Vanebo har passert 60 år

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Mar 2024

6.mars var datoen, for å vere heilt eksakt. Då passerte Roger – som voks opp ganske så nær grensa mellom Brøvoll og Hjorthol – 60 år. Han bur i Kongsberg-området og jobbar i «Kongsberg-gruppen». Ei verksemd som mellom anna produserer våpen. Er det krig i verda, er det gode tider for Roger sin arbeidsgjevar. I 2022 eit resultat på 4,6 milliardar før skatt. Som pensjonist håper Roger å få overta 17.mai-salutten i Velledalen! Det kan garantert smelle bra.

 

Roger har alltid vore glad i Velledalen. I tenåra var han medlem i «Velledalsmafiaen» saman med personar som Dan Brunstad, Karete Hjorthol, Steinar Fet, Eivind Drabløs, Bente Brunstad, Jan Helge Myhre og Benedikte Holmberg (og sikkert fleire, orsak til dei eg har gløymt). Før han kom med i denne grupperinga, gjekk han ein hard skule som yngst av tre brødre. Bjørn og Åge sytte for at minstemann ikkje spora av. Det gjekk mest i fotball og musikk, men friluftsliv generelt stod høgt i kurs overalt i Velledalen i Roger sin oppvekst.

 

Men at han på sine eldre dagar skulle bli triatlon-utøvar, må omtalast som ei bombe. Dette grunna at alle velledalingar – spesielt framma brauta – var kjende for å flyte tungt i vatnet under symjetimane på ungdomsskulen. Sprang gjorde han som ung også. Mest i den gule VRF-trøya på jakt etter mål. Han vart rekna for å vere «god i lufta» i den forstand at han hoppa høgt. Roger hadde glimrande spenst som ung. Og sykling var greitt nok. I Roger sin barndom var sykkelen og føtene dei viktigaste hjelpemidlane ved all forflytting. Men frå kva gener han har henta symjinga…ja, det veit vi lite om. Kanskje onkelen, Kallen, som sysla med fiske med ulike reiskap i Hjortdalselva. Det ryktast at han av og til kunne bli våt.

 

Roger har vidare delteke på Velledalen IL sitt lag i Holmenkollstafetten (Oslo). Han gjekk Romjulsmarsjen 2.juledag i Velledalen så tidleg som i 1980 (fyrste gong arrangert i 1979). Han stiller trottig opp for Kongsberg O-lag i orientering. Og like eins er han på plass om det høver under PåskeKonrad med heile familien. I tøffe triatlon-konkurransar seier han at han gjer springinga for Velledalen IL. Det set vi pris på. Då vi berre har to utøvarar i denne greina, Roger og tsjekkiske Radka Vosicka. Begge to «solskinsbarn». Dei er visst nok det dei som driv denne idretten.

 

Idrettsmiljøet og «mafiaen» i Velledalen gratulerer Roger med vel overstått. Vi håper han vert ein trottig mann i Velledalen når pensjonistlivet «tek» han. Med sitt blide vesen ville Roger vere ein populær «drop-in»-kar i Nærbutikken si kafe-avdeling.

VIL-nettsida har fått melding om at feiringa av 60 års dagen vert ei «tre-dagers» utan kraftige saluttar – tyngda av det i Oslo!

 

Stå på Roger!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.