Ålesund Vinterkarusell: Siste løp i dag
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mar 2024
Ålesund Vinterkarusell sine fem løp vert avslutta laurdag 9.mars. Distansane er som alltid 5 og 10 km. Det er mogleg å melde seg på heilt fram til start (EQ-timing) klokka 14.00 (Fremmerholen, Spjelkavik). Seks timar før løpsstart hadde 45 utøvarar meldt seg på.
Mellom anna desse seks frå Velledalen IL:
5 km:
Olga Decyk (K 45-49)
10 km:
Tom Audun Rossland Knutsen (M 45-49)
Stig Marius Vestnes ( M 50-54)
Frode Mauren (M 50 – 54)
Alf Petter Bøe (M 55 – 59)
Bjørn Arve Brune (M 60-64)
Det kan fort gjort bli fleire frå Velledalen IL, noko vi kjem tilbake til seinare, med resultat og foto frå løpet.
Etter løpet vert det samanlagt-premiering til alle som har minst tre løp (av fem).Mange av våre har det.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.