Fin innsats av Velledalen IL sine løparar i Ålesund
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Mar 2024
Gode forhold under 5. og siste vinter-karusell-løpet i Ålesund laurdag 9.mars.
I alt kryssa 74 løparar mållina. 42 på 5 km og 32 på den doble distansen. Av desse representerte elleve utøvarar vårt lag. Her er tidene og plasseringane til våre:
5 km:
K 45-49:
- Irene Mork, 28.03
- Olga Decyk, 29.35
M 23-34:
- Vegard Tandstad, 18.26
M 55-59:
- Svein Arne Nakken, 23.23
10 km:
M 20-22:
- Andreas Mosby Nakken, 40.00
M 45 – 49:
- Tom Audun Rossland Knutsen, 39.06
M 50 – 54:
- Frode Mauren, 39.34
- Stig Marius Vestnes, 49. 46
M 55-59:
- Alf Petter Bøe, 43.10
- Fridtjof Fredriksen, 44,33
M 60-64:
- Bjørn Arve Brune, 43.10
Stort sett alle løparane greidde måla dei hadde sett seg. Vi kan sitere vår framifrå kjekke polske løpar, Olga Decyk. Ho sa etter løpet at hovudmålet var å springe 5 km på 35 minutt. Så hadde ho ein draum før start, den var å greie distansen på 32 minutt. Når ho så kunne krysse mållina på 29,35 etter fullført distanse, seier det seg sjølv at ho var strålande nøgd. Elles eit glitrande avslutnings-arrangement, med trøndersodd (sponsa av Giørtz) til alle løparar med støtteapparat etter løpet. Den var smakfull og gjorde godt både for kropp og sjel.
Stor takk frå Velledalen IL til arrangements-trioen Helge Fuglseth, Per Jan Helseth og Sigbjørn Anton Lerstad. Alle tre modne menn med livsvisdom som ballast – menn som brenn for løparane i Møre og Romsdal.
Nettsida vil kome med meir frå løpet – mellom anna kan ein del Strava-kommentarar vere interessante.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.