Sju påmelde til årets Birkebeinerrenn frå Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Mar 2024
Grunna ringt vêr laurdag 16.mars er hovudrennet flytta til sundag 17.mars.
Birkebeinerrennet er 54 km langt. Det går i klassisk stil og vert arrangert for 84.gong. Over fjellet ber deltakarane med seg sekk på 3,5kg og eit 800 år gamalt «sagn» om kongeriket Noreg. Med start på Rena og mål i Lillehammer, passerer deltakarane tre fjell i vakker natur. Alle som er 16 år per 31.12.24 kan delta.
Denne troppen har meldt seg på for Velledalen IL:
M 20: Andreas Nakken – starttid 08.50 (pulje 6)
M 25: Constantin Rust – starttid 08.20 (pulje 1)
M 35: Anders Wigdahl – starttid 08.45 (pulje 5)
M 45: Øystein Vikingsen Fauske – starttid 08.45 (pulje 5)
M 55: Fridtjof Fredriksen – starttid 08.30 (pulje 3)
M 55: Svein Arne Nakken – starttid 08.30 (pulje 3)
M 65: Olav Brunstad – starttid 09.00 (pulje 8)
Vi har ikkje fått det endeleg stadfesta, men truleg stiller ikkje Anders Wigdahl på startnummer 3581. Rykta fortel at Constantin Rust har planar om å gå på «blanke» ski, som betyr staking frå start til mål. Vi ynskjer alle VIL-løparane alt godt på turen.
Av andre sykkylvsløparar i påmeldingslistene finn vi:
M 45: Jan -Even Sandal, Sykkylven IL/ Tøyen
M 50: Stig Jonny Urke, Sykkylven SK
M 80: Berth David Wilhelmsen, Sykkylven IL Berth vert 80 år komande sommar, så Birken 2024 vert debuten hans i klasse M 80
Frå Stranda finn vi:
M 40: Anders Hellevik
Halvbirken: Karl Møller Gjerde, helge Opsvik og Geir Verpeide
Resultat kjem på nettsida etter rennet sundag 17.mars
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.