Berth greip sjansen som baud seg

Postet av Atle Jomar Hole den 18. Mar 2024

 

Vann klasse M 80-84 i Birkebeinerrennet med ein margin på ni minutt og fire sekund.

 

Klasse M 80-84 under årets renn samla tolv påmelde. Ni av desse fullførte rennet

Her er komplett resultatliste for klasse M 80-84:

  1. Berth David Wilhelmsen, Sykkylven IL, 4.45.44
  2. Steinar Brekke, Lillehammer Skiklubb, 4.54.48
  3. Oscar Heyerdahl, Heming IL, 5.17.27
  4. Viggo Kampli, Røa IL, 5.25.36
  5. Bjørn Pleym Myhr, Vang Skiløperforening, 5.50.30
  6. Arvid Hovland, Førde, 6.08.07
  7. Steinar Tveita, Syril, 6.41.13
  8. Jon Falkenberg, Skiforeningen, 6.49.53
  9. Stanislav Svarc, Noteam, 7.17.38

 

I år låg sjansen vidopen for Berth. Som yngst i klasse M 80-84 slo han til. Og kanskje var det sjansen han fekk til siger, akkurat no i helga. Om Berth stiller neste år vil det kome opp karar som er yngre enn han. Om to år er han i same klasse som to år yngre løparar, og så vert det verre og verre heilt til han vert yngst i klasse M 85-89. Då truleg i konkurranse med toppen ei handfull utøvarar.

 

Vi kan like det eller ikkje. I denne alderen spelar eit par år utruleg mange minutt. Resultatlista viser at vinnaren i klasse M 75-79, Egil Brørs, Steinkjer Skiklubb, gjekk på utrulege 3.45.01. Raskare enn Svein og Fridtjof gjekk, og dette er altså klassa Berth gjekk i året 2023.

 

Ein slitar i lokal skisport fekk løna si denne helga, etter uendeleg lang og trufast teneste – GRATULERER Berth David med triumfen!!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.