Ove Inge held fram som leiar i Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 20. Mar 2024
Velledalen IL heldt årsmøte tysdag 19.mars 2024. Sjå det nye hovudstyret!
Årsmeldinga synte at Velledalen IL hadde eit aktivt år i 2023 med ei rekkje arrangement. Med Konradløpa og Førjulsmessa som dei største.
Laget hadde framimot 100 aktive med i konkurransar i inn- og utland. Då er ikkje deltakarar i MiniKonrad og den lokale langrennscupen rekna med.
Dei kring 100 har konkurrert i OCR-hinderløp, orientering, randonè, fjelløp ultra, landevegsløp, baneløp, langrenn. Og eit offisielt 24-timars løp der Christina og Emma Holmberg gjorde glimrande innsats. Laget har fått to NM-vinnarar i 2023, Njål Torillson Tyssing i halvmaraton klasse M 40-44, og Anette Heimli Jokstad i klasse kvinner elite hinderløp. Anette sette også ny løyperekord for kvinner under Konradløpet med tida 16.45. Også herrevinnaren i Konradløpet 2023, representerte Velledalen IL, nemleg Nikolai Handle Jensen (14.50) Njål har sett fire klubbrekordar i 2023. To på 10 000 meter bane (32.42 som best), på 5 km landevegsløp (16.05) og 10 km landeveg (32.36).
Espen Utgård Sæther hadde ein knallsesong på heil- og halvmaraton, og stod for klubben sine bestetider der. Han gjorde unna halvmaraton i Sørfjorden på 1.12.08, og kom topp-10 under NM heilmaraton i Oslo på 2.35.32. Seinare i sesongen leverte han 2.34.15 i Malaga.
Men det er likevel breidda som er det mest slåande. Velledalen IL mønstra 17 ulike løparar under Ålesund Vinterkarusell 2023/2024. Frå årskonfirmanten Jone Schmidt Breivik som den yngste, til Bjørn Arve Brune som den eldste (60 år i år). Veteranane våre sytte for fire KM-medaljar under KM halvmaraton på Vartdal i 2023. Fem utøvarar frå Velledalen IL sprang heilmaraton i 2023, fire menn og ei kvinne. Inger Anne Riksheim vart trimpostvinnar samanlagt (15 postar), og Idrettskulen har vore i god drift heile året. Trimgruppa har hatt sine faste treningsaktivitetar, der både menn, kvinner tenåringar og born kan delta.
Velledalen IL sitt styre for 2024 ser slik ut:
Ove Inge Skylstad, leiar
Atle Hole, nestleiar
Tormod Klokk, kasserar (ny)
Anita Mosby Nakken
Kristine Eliassen
Cecilie Naustenget
Sondre Bårnes (ny)
1.vara: Iwona Uchal (ny)
2.vara: Håkon Fet
Valkomiteen hadde ikkje fått på plass alle gruppeleiarane, men fylgjande er klart:
Langrenn: Svein Arne Nakken
Friidrett: Alf Petter Bøe
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.