Modne, men ikkje over-modne!

Postet av Atle Jomar Hole den 20. Mar 2024

Tre VIL-gutar og ei jente sprang 400 meters intervallar på Ikornnes i dag.

 

Når eldre herrar byrjar springe intervall over 400 meter på bane er det eit sikkert teikn på at sesongen nærmar seg.  Det var ikkje akkurat ungdomsrekkja som trena på Ikornnes Idrettspark i kveld, sjølv om «ungdomen» var representert gjennom Vegard Tandstad. Ved neste korsveg vert truleg enno fleire i aksjon…

Her er kvartetten som tok del:

Vegard Tandstad (siste års M 23-34)

May Evy Nesheim K 45-49

Frode Mauren M 50-55

Fridtjof Fredriksen M 55-59.

 

Kvartetten delte seg i to par. Vegard/Frode i lag, og May Evy i par med Fridtjof. Vegard/Frode opna med 1.23 på fyrste drag. Så gjekk det progressivt raskare med 1.17 på det siste. Pause mellom rundane var 60 sekund.

May Evy og Fridtjof køyrde same opplegg, men litt lågare fart. VIL-Nettsida får meldt at dei opna i nærleiken av 1.40 på fyrste runden og slutta på kring 1.30.

Friidrettsleiar Alf Petter fungerte som trenar/oppsynsmann sidan han tidlegare på dagen hatt  ei økt hos ein lokal «medisinmann».

 

Send gjerne treningsstoff med foto til nettsida

E-post: atlehole@online.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.