Per Inge og Grethe Helen representerte Velledalen IL

Postet av Atle Jomar Hole den 31. Mar 2024

 

Sandsøya: Sjutoppsturen vart som vanleg arrangert langfredag – med god deltaking.

 

Per Inge Bjørnestad og Grethe Helen Tynes representerte Velledalen IL i eit løp som både er langt og krevjande. I alt – medrekna diverse trimklasser – var kring 500 utøvarar i aksjon. Per Inge vart nummer 17 av 64 fullførande i Sjutoppsturen konkurranse på tida 2.14.33. I klasse M 50-59 heldt det til 2.plass bakk Ingebjørn Røren, Ulvungen IL, som brukte2.12.51.

      Grethe Helen Tynes tok ein fin 3.plass i klasse K 50-59 på tida 3.18.09. Så vidt vi veit var dette Grethe Helen sin debut i denne type løp.

 

Elles gjorde Stian Mork det skarpt i klasse M 40-49. Han vart nummer to på den fine tida 1.58.12, fattige 24 sekund bak klassevinnaren Tommy Soleim frå Isfjorden IL. Vi ventar spent på neste trekk frå Stian Mork, som på Sandsøya representerte Erstadbakkane IL. Vi skuldar å gjere merksam på at Stian Mork har to KM-titlar som langrennsløpar for Velledalen IL. Begge gongane som tenåring, begge gongane i fristil.

Spørst om ikkje herr Mork må inn under friidrettsleiar AP Bøe sine vengjer i Velledalen IL!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.