Sylvi Listhaug kjem til årets Konradløp
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Apr 2024
- Olav Harald har vore passiv i stolen lenge nok, nå må han begynne markere seg!
Orda tilhøyrer ingen ringare enn FrP-politikar, Sylvi Listhaug. Ho kjem til Velledalen i spissen for ein heil delegasjon FrP-arar, som skal hjelpe Olav Harald Ulstein ta ordførar-rekorden under Konradløpet 1.mai 2024.
Det er tidlegare sykkylvsordførar, Jan Kåre Aurdal (KrF), som sit på rekorden, då han gjorde tida 30.52 som sitjande ordførar i 2003. Aurdal har Konradmedaljen i gull etter seks deltakingar. Det same har Odd Jostein Drotninghaug (Sp). Men Drotninghaug var ikkje ordførar då han i 2006 leverte personleg bestetid med 31.21
Olav Harald Ulstein står med fire deltakingar (perioden 2005-2008) frå tidlegare. Bestetida frå 2008 på 22.21 er på grensa til imponerande. Problemet hans er at han var ikkje Sykkylven sin ordførar i 2008. Men det er han no, slår Sylvi Listhaug fast med eit snev av indignasjon i stemma:
- Skal Olav Harald ha noko i beltet når han går av, er det på høg tid at han intensiverer arbeidet sitt. Noko av det lettaste burde vere å ta ordførar-rekorden under Konradløpet i Velledalen, det er langt verre å skrote eigedomsskatten, sjølv om dette i fyrste fireårsbolk berre vert aktuelt for innbyggjarar i Ramstaddalen.
- Men faktum er; Ulstein har mist det meste – kanskje alt - av spensten i steget sitt sidan 2008. Difor må partiet trø til, han treng rett og slett hjelp – og tida er knapp, det ser vel også du!
FrP kjem med ein topptung delegasjon, leia av Sylvi Listhaug sjølv, til Velledalen natt til 1.mai:
- Olav Harald vil få det beste av utstyr, som inkluderer ein italiensk silketrikot, og dei dyraste karbon-skorne som er å oppdrive nord for Dovre. Frank Sve vert bas på partiet sin eigen drikkestasjon, med ein eigenprodusert Blåbær-toddy med vatn frå Svartevatnet og blåbær henta like bak skivene på skytebana i nærkeilen (kortreist). Trioen Bård Hoksrud, Per-Willy Amundsen og Terje Søviknes vert fartshaldarar fram til Bedehussvingen i Velledalen. Her tek den mest andelege i lokalpartiet, Frank Kjøde, over og losar Olav Harald trygt over mållina. Noko som også vil vere ein fin gest overfor lokalpartiet i Sykkylven.
Listhaug seier ho er ganske sikker på at Ulstein vil slette gjeldande ordførar-rekord:
- Du skal hugse det, at Aurdal sin rekord (30.52) er tufta på ei kilometertid på kring 6,51 minutt per kilometer. Faktisk er Erna Solberg målt raskare enn det på Stortinget i etterkant av ektemann Sindre sine «stunt» - vel å merke på korte distansar.
……. Og greier han det ikkje i år, får han prøve på nytt neste år med nye fartshaldarar…. eg reknar med han sit som sykkylvsordførar då også…… Men ja, det vil vere ei kraftig ripe i lakken om han mislukkast, ropar Sylvi etter oss.
Friidrottsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, er fåmælt i kommentaren:
- Dette skal bli kjekt. Men personleg håper eg han feiler. Då må dei optimalisere forholda til neste forsøk, som truleg betyr ny asfalt på Nakkebergvegen. Eit pluss for Velledalen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.