Nærmar seg sesongstart for løparane
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Apr 2024
Fellestrening på Ikornnes Idrettspark i dag, onsdag 3.april.
Sju personar deltok, nemleg Bjørn Arve Brune, Fridtjof Fredriksen, Irene Mork, Jone Schmidt Breivik, May Evy Nesheim, Frode Mauren og Alf Petter Bøe.
Denne kvelden var distansen 800 meter på kvart drag. Utøvarane tok ulikt tal repetisjonar, åtte på dei som sprang kortast, tolv på dei som sprang lengst.
Meldaren vår på økta, Frode Mauren, skriv dette til nettsida:
- For min del ei kontollert økt med ti drag på tilnærma 3,45 fart. Heldt litt igjen, då eg må ha litt krut i beina til laktat-testen i Trondheim komande fredag. Fleire av dei andre starta på 4,30-fart og auka på utover i økta.
- Vêret var kaldt med snø i lufta på slutten av økta.
Sesongstarten nærmar seg for fleire av løparane våre, noko vi skal kome tilbake til. Alt komande sundag har vi eit fint knippe på plass i Drammen, der distansane er 5 km, 10 km og eit barneløp. På distansen over ti km kan Velledalen IL sin klubbrekord vere i fare, sidan både Njål og Constantin viste glitrande for under PåskeKonrad i Velledalen påskeaftan.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.