Stian: Frå målmann til halvmaraton
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Apr 2024
Den tida VRF eksisterte, var laget kjend for å ha gode målmenn. Stian Hole var éin av dei.
Målmenn er viktige i alle fotballag. Det er berre éin av dei på kvart lag. Dei spring ikkje mykje under kamp, men har som regel eigenskapar som spenstige, smidige, raske, handlekraftige og resolutte.
Mange vart glade påskeaftan, dagen då PåskeKonrad vart arrangert. Der var ein tidlegare dyktig VRF-målmann, Stian Hole, mellom dei som tok plass på startstreken. Han fullførte i fin stil på tida 19.52. Ei tid som viser han ikkje er utrena.
Men faktum er at det ligg større oppgåver på løpsfronten og ventar. Laurdag 8.juni vert Ålesund Maraton arrangert i Ålesund. Per fredag 5.april står 203 namn på påmeldingslista. Der vil kome langt fleire, kanskje kring 1000 deltakarar. Distansane er barneløp, 5 km, 10 km, halvmaraton og heilmaraton. Og mellom dei påmelde på halvmaraton er ingen ringare enn Stian Hole, i klasse M 45-49, med sjølvoppnemnd sluttid mellom 1.40-1,50. Det trur vi «gamlekeeperen vår» vil greie, men det vil gjere vondt.
Velledalen IL kjem til å ha ein svær tropp i Ålesund. Førebels er Hilmar Kråkenes (M 45-49) påmeld på heilmaraton, der målet er under tre timar. Hilmar har trena særs godt siste perioden og har nok det som skal til for å greie eiga målsetting. Vidare er Fridtjof Fredriksen påmeld på halvmaraton i klasse M 55-59, med mål om ei tid mellom 1,30-1,40. Fridtjof er rutinert og er ein stødig kar med omsyn til eiga fart.
Ekstra gledeleg synest Velledalen IL det er at Kris-Levi Hansen er påmeld på 10 km. Han har gitt opp til arrangøren at han har planar om å bruke mellom 50-60 minutt på distansen. Fleire bør fylgje Kris-Levi sitt eksempel.
Velledalen IL satsar på løpa i Ålesund, sjølv om dei berre kjem veka etter halvmaraton-KM på Vartdal. Minst to av våre (Frode og May Evy) har ei framskota rolle for Ålesund Maraton. Har nokon spørsmål står friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, til disposisjon. Herr Bøe seier i ein kort kommentar til denne saka:
- Alle som spring – fort eller seint spelar inga rolle – er hjarteleg velkomne inn i Velledalen IL sitt gode, og store løpsmiljø.
- Eit medlemskap kostar berre 200 kroner, og gjennom det kan alle ha tilgang på laget sin klubb-kolleksjon på klede.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.