Drammen: Klubbrekorden på 10 km stod

Postet av Atle Jomar Hole den 7. Apr 2024

 

Pall-plassar til Njål og Elisabeth for Velledalen IL. Storfint!

 

Under PåskeKonrad sa Njål Torillson Tyssing at målet i Drammen var å sjå 32-talet. Det greidde han, då han kryssa mållina på 32.58, som tredje best i klasse M 40-44. Njål vart berre slegen av Andreas Nygård (30.36) og Espen Lie (32.34).

 

Vidare gjorde nyinnmelde Elisabeth Hetlevik ein sensasjonell VIL-debut, med 2.plass i klasse K 60-64 på tida 49.08. Vinnar her vart Ingvild Aaløkken, Sportsklubben Vidar på 46.53. Ektemann Roger Andre Vanebo fylgde opp med brillefin 10.plass i klasse M 60-64 på tida 45.41

 

Vidare nemner vi at Cinstantin Rust (M 23-34) var hakk i hæl på Njål etter 5,8 km (tidene var 18.21 på Njål, 18.27 på Constantin). Diverre veit vi ikkje kva som har hendt etter det, men Constantin kryssa målline på 35.18. Anders Wigdahl  i klasse M 35-39 kom inn på tida 37.46, ei tid han bør vere nøgd med etter samanhengande sjukdom i lang tid.

 

Vi kjem med meir frå Drammen, men nemner at Njål sin klubbrekord som mange trudde var i fare denne helga framleis står. Tida er 32.36.

 

Takk til VIL sin reportar i Drammen (Ellen) som står for fotoet i denne saka. Håper nokon kan sende oss eit foto av ekteparet Vanebo også.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.