Konradløpet: Fjorårsvinnarane kjem ikkje i år
Postet av Atle Jomar Hole den 8. Apr 2024
I 2023 vart Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad vinnarar av Konradløpet. Dei kjem ikkje tilbake i år.
Konradløpet 2024 går på ein onsdag. Så midt i veka det kan få blitt. Sidan årets løp ikkje kan knytast til ei langhelg, er det grunn til å tru det vert færre langvegsfarande deltakarar. Som fjorårsvinnarane Nikolai og Anette. Begge heimehøyrande i Oslo-avdelinga, og begge i hovudsak OCR-utøvarar. Mellom dei fremste i kongeriket, Anette til og med NM-vinnar frå 2023.
I fjor vann Anette Konradløpet på ny kvinnerekord (16.45), medan sambuar Nikolai vann herreklassa på tida 14.50. Sidan ingen av fjorårsvinnarane kjem til årets løp, er det ope for nye utøvarar på øvste trinn av pallen.
Men farta er ikkje det viktigaste i Konradløpet. Her er det plass til ALLE. Eldste påmelde hittil vert 84 år i mai -24, og den som var raskaste ute med påmeldinga dette året var polakken Mateusz Balon.
Start på hovudløpet vert som i fjor klokka 05.15 (tilpassa ferjerutene). Vi reknar med å runde 50 påmelde i løpet av kvelden. Hiv deg med!
PÅMELDING: https://konrad.satli.net/
LISTE OVER DEI PÅMELDE: https://konrad.satli.net/konrad deltakere alfam.php
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.