Langrenn-avslutning: Bak kake – vinn cap!

Postet av Atle Jomar Hole den 11. Apr 2024

Torsdag 18.april er det avslutning med premieutdeling for årets Telenor/Fjellsætercup i langrenn.

 

I samband med avslutninga på Sørestranda skule på Ikornnes, skal dei frammøtte leske seg med kaker og anna godt. Det er bestemt at Velledalen IL og Sykkylven IL skal halde med fire kaker kvar.

Den som kan tenkje seg bake ei kake tek kontakt med Anita Mosby Nakken (988 23 498).

 

For Velledalen IL sine leverandørar gjeld fylgjande:

Dei som leverer kake er med i trekninga av to stk VIL-cap, eksklusiv type.

Med andre ord eit lotteri med 50 prosent vinnarsjanse.

Nøl ikkje, meld frå til Anita at dette vil du gjerne vere med på

 

PS. Dette visste du kanskje ikkje. Akkurat i området der nye-skulen på Ikornnes er plassert, var staden for ei rekkje store langrenn på slutten av 1960-talet. Den gongen var Ikornnes IL ei «stormakt» i denne greina, med Jabob Rochmann Eliassen og skulelærar Asbjørn Kilsti som primus motorar. Idrettslaget på Ikornnes var denne tida sterke sportsleg og dei var sterke på arrangement-sida. Anten var basen for renna gamleskulen på Ikornnes, eller ungdomshuset


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.