3000 meter før og no
Postet av Atle Jomar Hole den 15. Apr 2024
Velledalen IL har nyleg avvikla testløp på 3000 på Ikornnes Idrettspark. Der var Johan Fløttum Fauske (15) yngst, og Svein Arne Nakken (58) eldst. Sju utøvarar deltok, av desse to kvinner.
Velledalen IL har hatt dyktige løparar på 3000 meter tidlegare også. Faktisk så tidleg som i 1949. Under baneopninga på Aksla stadion dette året såg topp-3 lista slik ut:
- Johan Strøm, IL Ringen, 10.00,9
- Torleiv Hole, Velledalen IL, 10.01.5
- Olav P. Hole, Velledalen IL, 10.01.8
Desse tre karane var kring 20 år, Torleiv som var yngst var 19 år. Så dei kunne springe den gongen også, berre så det er sagt!
Så har Njål rapportert inn:
- Eg skal springe gubbe-3000 meter på Bislett komande fredag.
Og programmet vidare er hardt:
- Dagen etter spring eg Brunkollen Opp, eit privat arrangement.
Og før vi har gått til ro 1.mai, har Njål kryssa mållina under Sentrumsløpet og eit halvmaraton på Grue. Sistnemnde løp tel som EM-kvalifisering, så her får Njål mellom anna måle krefter med Therese Johaug.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.