Feststemning på Sørestranda skule

Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2024

 

Torsdag ettermiddag, i det fine vårveret, kom godt og vel 70 barn og vaksne til avslutningsfest og premieutdeling for Telenor Fjellsætercup i langrenn.

 

Mange hadde bidrege med flotte kaker, og alle fekk forsyne seg så mykje dei ville. Medan kakene gjekk unna, vart det seld lodd og trekt ut ei stor mengde flotte gevinstar som ulike bedriftar i kommuna vår hadde sponsa oss med. 

 

Mot slutten av programmet fekk alle sin velfortjente premie for god deltaking i skirenn denne sesongen. Medalje til alle som hadde gått eitt renn. Pokal til alle som hadde gått to eller tre renn. 

I tillegg til desse tre renna, har også Barnas Fjellsæterrunde og Bygdamesterskapet vore arrangert, med eiga premiering.

 

Årets heldiggris vart trekt ut heilt til slutt. Denne premien er ein pengepremie som kvart år blir trekt ut mellom eit av dei barna som er til stades på festen, uavhengig av kor mange renn ho eller han har gått.

Det var Alette Ekornes Skrede som vart årets heldiggris! 

 

Vi takker så mye for super innsats gjennom sesongen. Takk til alle gode hjelparar som har stilt opp. Takk til dei som sponsa oss til festen, takk til kakebakarane. Og ikkje minst takk til dei kjekke trakkemaskinsjåførane som gjer ein kjempejobb. 

 

Vi sjåast igjen til neste vinter

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.