Konradnytt 12 dagar før hovudløpet

Postet av Atle Jomar Hole den 19. Apr 2024

19 april klokka 19.00 hadde Konradløpet (hovudløpet) 74 påmelde.

 

Normalen er at det talet vi har om morgonen 28.april om lag vil doble seg til løpsstart, 1.mai klokka 05.15. I alle høve er det slik dei åra vêrmeldingane er rimeleg gode.

 

Elles har tyskarane kome opp i seks påmelde og er i front i nasjonskampen mellom dei som ikkje er nordmenn. Det er familien Lotz, busette i Straumgjerde, og to blad Werhahn frå Springe i Tyskland, som gjer at tyskarane har fått eit føresprang på Polen, Litauen, Tsjekkia og Slovakia. Nest yngste utøvar i Lotz-familien er tidlegare kvilestol-vinnar i Konradløpet. Berre for å ha nemnt det.

 

Også i 2024 er ein kvilestol hovudpremien i løpet. Og nok ein gong stor takk til IGM og Renate Karlsen som no har passert 10 stolar til Konradløpet. Det feirar vi under frukosten mellom anna med to store marsipan-kaker med påskrift. Årets stol vert som vanleg trekt mellom alle påmelde – uansett fart – under frukosten. Stolvinnaren må vere til stade.

 

Elles er vi godt nøgde med at det sig på med personar 80 år og eldre. Vi har tidlegare nemnt tre menn som var tidleg ute med påmeldinga. No har vi fått fyrste kvinne i klasse 80+, nemleg Ragnhild Fet. Årets Konradløp vert hennar 18. deltaking. Dei tre herrane vil ha høvesvis 21 – 20 – 15 deltakingar etter årets løp. Her snakkar vi om trufaste veteranar.

 

Vi har tidlegare skrive på nettsida at talet personar som kan få 20 års premie i 2024 er ti. Fem av desse er alt påmelde. Til samanlikning er 61 personar kvalifiserte til Konradmedaljen i gull (seks løp) om dei stiller i år. Klokka 19.00 i kveld var tre av desse 61 påmelde. Og ikkje mindre enn 253 personar er kvalifiserte til Konradmedaljen i sølv (3 løp). Hadde alle desse kome hadde det blitt kaos, men vi har kjøpt inn nye medaljar, så der stiller vi sterkt. Det hadde blitt verre med frukosten…….

 

Meld deg på du også:

https://konrad.satli.net

eller til herrane Alf Petter Bøe/Atle Hole


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.