Ole Peder sprang Trønderjogg i Trondheim
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Apr 2024
Karusell-løp finst i alle krikar og krokar. Ole Peder sprang i Trondheim.
Trønderjogg har tre alternativ:
5 km gang
5 km løp
10 km løp
Ole Peder sprang 5 km og vart nummer 28 i klasse M 23-34 år, på tida 23.14. Overført til Konradløp-tid vil det seie ei tid på 20-talet ein stad. Og det er solid levert av togføraren frå Velledalen, som truleg har starta oppbygginga av form til halvmaraton-løpet i Trondheim by seinare i 2024.
Totalt samla løpet i Trondheim knappe 300 deltakarar, så det er litt større interesse enn kring karusell-løpa i Ålesund.
Godt jobba, Ole Peder!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.