Ny kasse på Myrdalsfjellet trimpost
Postet av Atle Jomar Hole den 25. Apr 2024
For ei tid sidan opplevde vi at kassa ved trimposten på Myrdalsfjellet brått vart borte.
Om det var vind eller sabotasje er ikkje godt å seie. Og sidan trimgruppa ikkje hadde fleire kasser liggande på lager, tok dette rimelegvis ei viss tid. Trimpost-ansvarleg, Nils Terje, gjekk til innkjøp av nye kasser, og ein flittig vandrar på Myrdalsfjellet, Elling Hole (snart 83), tok jobben med å få den nye på plass. Ny bok kom på plass i kassa, slik at alle turar heretter kan bokførast. Nils seier at alle som har ei viss peiling på kor mange turar dei hadde i gamlebok, held fram vidare i talrekkja i den nye boka.
Eks: Elling Hole hadde kring 30 turar i boka som forlet oss, så han startar då på 31 i den nye. Det får stå si prøve om ein ikkje treff nøyaktig på talet. Det vert rettare å gjere det slik, enn at alle skal byrje på 1 igjen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.