Konradløpet 2024: 107 påmelde med tre døgn att

Postet av Atle Jomar Hole den 28. Apr 2024

Talet påmelde ein har tre døgn før start, plar doble seg til startskotet smell!

 

Velledalen IL melder om 107 påmelde i hovudløpet tre døgn før start. Noko som kan indikere kring 215 utøvarar løpsdagen. Dette er sjølvsagt ikkje absolutte fakta, men slik normalen plar vere. Ser ein vidare på påmeldingstala ser ein:

Påmelde menn hittil: 59

Påmelde kvinner hittil 48

 

Konradløpet er spesielt på det feltet at det plar samle ganske nøyaktig like mange kvinner som menn. Enkelte år til og med flest kvinner. Akkurat dette er vi ganske så åleine om som løpsarrangør på Sunnmøre. Hittil har det kome påmeldingar frå sju nasjonar (alle i Europa) og ni ulike kommunar.

 

Dei fyrste åra Konradløpet vart arrangert var kring 150 av deltakarane av deltakarane velledalingar. Det greier dei neppe i år, sidan berre 25 prosent av dei fyrste 100 påmelde budde i Velledalen.

 

Link til PÅMELDING:

https://konrad.satli.net


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.