7700 Konradløp-deltakarar før årets løp
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Apr 2024
Som betyr at deltakar nummer 8000 vert å finne mellom årets deltakarar.
Det heile starta i 2002 med 195 deltakarar. Alt andre året auka deltakinga til godt over 200. Men skikkeleg fart i sakene vart det fyrst i 2007, då MiniKonrad vart arrangert for fyrste gong. Barneløpet har ein deltakarrekord på 203, men normal årsdeltaking ligg i området 120 -170. Litt vêravhengig mellom anna. Etter MiniKonrad kom med har årsdeltakinga hatt eit snitt på kring 450 i året. Ein gong over 500.
Åra 2020 og 2021 vart ikkje Konradløpet arrangert, grunna pandemien. Men i 2022 var løpa tilbake med god deltaking. Kva 2024 vil bringe veit vi ikkje i skrivande stund. Truleg vil deltakartalet under MiniKonrad stagnere/minke, grunna svake fødselstal i nedslagsfeltet. Men vi tek ikkje sorgene på forskot.
Velkomen til MiniKonrad 30.april klokka 18.00 – Påmelding i grendahuset frå 17.00 løpsdagen
Velkomen til Konradløpet 1. mai med start 05.15 på Brunstad
Link for påmelding til hovudløpet:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.