Konradløpet: Heidra for godt arbeid over tid
Postet av Atle Jomar Hole den 1. Mai 2024
Ellinor Brunstad vart heidra under Konradløpet si premieutdeling 1.mai
Ellinor Brunstad er mellom dei som har full pott i Konradløpet. Med 21 deltakingar fekk ho 20 års premien i fjor. I år fekk ektemannen Kjell Arne Brunstad same utmerking. Den spesielle innsatsen Ellinor har gjort for Konradløpet er at ho nærast arrangerer «slektstreff» kvart år Konradløpet vert arrangert. Såleis syter ho for at kring ti personar av hennar næraste vert med kvart år. 1.mai 2024 kunne såleis Kim André Midtlid kvittere ut 20 års premie, og Janne Midtlid Konradmedaljen i gull. Og dei ho samlar er slett ikkje kortreiste. Mange av dei har flytta frå bygda for mange år sidan.
Ellinor Brunstad sine deltakingar har vore prega av Konrad Brunstad sitt prinsipp, om at «farta ikkje er det viktigaste». Ho har kvart år sytt for at familie-påmeldingane har kome i god tid, slik vi helst vil ha det, og elles kasta glans over arrangementa våre på ein fin og verdig måte.
For å vise Ellinor at vi har sett, og set pris på innsatsen hennar til beste for Konradløpet, fekk ho Velledalen IL si vinterjakke. Eit plagg vi trur ho kan ha glede av på kalde dagar, og under tur i låg fart, spesielt.
Takk for at du har vore ein solstråle i arbeidet vårt, Ellinor!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.