Konradløpet 2024: Friidrettsgruppa takkar!

Postet av Atle Jomar Hole den 2. Mai 2024

404 utøvarar var i aksjon under løpa i 2024, og det meste gjekk bra.

 

Friidrettsleiar Alf Petter Bøe er godt nøgd med årets løpsarrangement:

  • Denne gongen hadde vi vêret på vår side. Både under MiniKonrad 30.april og hovudløpet 1.mai

 

-  Kva vil du omtale som mest skuffande?

-  Det må vere deltakartalet i eldste gruppe under MiniKonrad. At berre fire stiller til start i aldersgruppa 12-16 år er rett og slett urovekkjande. MiniKonrad vert truleg endå hardare råka av låge barnetal om nokre år, men vi merkar det allereie. Såleis er 135 deltakarar på ein strålande dag, milevis bak rekorden på 203, men akkurat den kan kome til å stå lenge – faktisk svært lenge, trur eg.

 

  • Og mest gledeleg?
  • Deltakinga i hovudløpet, og den flotte innsatsen arrangørstaben vår legg ned over heile lina. Stort sett køyrer vi minimums-bemanning over alt, for at flest mogleg skal få delta. Mange gjer ein kjempejobb, rett og slett – år etter år.

 

  • Difor vil du takke gjennom nettsida?

 

  • Det vil eg. Takk til alle deltakarane som kom. Mange av dei langvegsfarande. Takk til alle funksjonærane i Velledalen IL sin stab for små og store tenester. Stort sett positivitet overalt, frå frukostpersonell til mindre jobbar som kan vere usynlege, men likevel av stor verdi. Takk for gåvepremiar. Ei særskilt stor takk til IMG ved Renate Karlsen som har gitt oss kvilestol i meir enn ti år. Takk for annonsestøtte (Gjensidige Sykkylven). Takk til Focus Sport/Sport 1 som held med gratis målsegl, startnummer og rabatt til løparane. Og takk til alle som burde vore takka, men som egn o har gløymt, avsluttar friidrettsleiar, Alf Petter Bøe

 

Neste år – i 2025 – går hovudløpet på ein torsdag, barneløpet kvelden før, onsdag 30.april

 

  


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.