4.mai: Holmenkollstafetten og Askøy på langs
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Mai 2024
Anette og Nikolai spring på Askøy, fleire i medlemsmassen spring HK-stafetten.
Velledalen IL stiller ikkje lag i Holmenkollstafetten 2024. Men fleire slengjarar frå klubben vår deltek for ulike føretak. Det som er faktum at årets stafett markerer ny rekord med omsyn til deltaking, med godt over 70 000 deltakarar.
Askøy på langs er eit få frå Velledalen IL har kjennskap til. Men Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli Jokstad har vore der før – og gjort det framifrå godt. Ein av primus motorane for løpet er Anette sin far, Sverre Jokstad.
Anette og Nikolai har trena godt gjennom vinter og vår, så dei skal springe godt dei som vil slå fjorårets Konradløp-vinnarar. Det er verdt å merke seg at tidene dei opnådde under Konradløpet 2023, også hadde halde til sigrar i 2024.
Velledalen IL ynskjer alle som skal i aksjon i helga lukke til, sjølvsagt inkludert Espen i København på sundag 5.mai
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.