Espen nummer 47 av 15 000 påmelde i København

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Mai 2024

Her kjem litt meir fakta frå Espen Utgård Sæther sitt fantastiske maraton i København

 

 

Espen Utgård Sæther kryssa mållina på tida 2.30.22

  • Nummer 47 av samtlege deltakarar uansett klasse
  • Nummer 42 av alle fullførande menn
  • Nummer 16 i klasse M 25-29

 

Andre fakta:

Tre nordmenn betre enn Espen i København

Beste herre: Abdi Ali Gelelchu, Burundi, 2.09.11

Beste kvinne: Margaret Agai, Kenya, 2.27.31

Beste nordmann: Rolf Steier, SK Vidar, 2.24.11

 

Strava kommentar frå Espen etter København Maraton 2.30.22:

  • Pers med rundt fire minutt, men 23 sekund bak målet omsub 2.30. 47. plass totalt. Eliteklassa fekk starte 15 sekund før, så blei en del jobb med å kome opp til ei gruppe som heldt rett fart. Fann ei gruppe som heldt veldig varierande fart mellom 7-13 km. Sprang til slutt frå dei, så solo resten av løpet og god flyt til 30-35 km. Ein del motvind frå 30 km og totalt knekken frå 35 km.
  • Elles fantastisk god stemning langs heile løypa! Berlin Maraton neste mål.

 

PS. Når Espen skriv i Strava-kommentaren at han fekk «totalt knekken» etter 35 km, skulda vi å gjere merksam på fylgjande:

Espen brukte 18.25 på strekket 35-40 km

Der han heldt lågast fart var frå 40 km til mål, med ei snitt-tid på 3.45 – som faktisk er raskt for alle andre enn dei supertrena!

For dei spesielt interesserte kan vi nemne Espen sine 5 km-strekk i tid: 17.27 – 17.43 – 17.37 – 17.32 – 17.36 – 17.46 – 18.06 – 18.25

Frå 40 km til 42.195 brukte han 8.14

  1. halvmaraton: 1.14.06
  2. halvmaraton: 1.16.16

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.