O-KM: Emblem IL tok alt på heimebane
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Mai 2024
Møre og Romsdal O-krets inne i ei djup krise.
Sist helg arrangerte Emblem IL KM-sprint med base i Olsvika. Deltakinga kunne vore større, med 45 påmelde. «Problemet» er berre at alle utøvarane representerte Emblem IL. Difor gir vi fortent honnør til arrangørlaget, men det er heller ikkje kjekt for dei, å ha ingen andre enn seg sjølve og konkurrere mot. Denne gongen vart sprintIøpet meir enn KM for Emblem IL, det vart også klubbmeisterskap.
Konklusjonen får bli: Når Emblem IL sin Karstein Sørland på mange og 90 år kunne fullføre, burde andre enn Emblem IL sine 45 løparar vere i stand til det same. Ikkje minst med tanke på at sprintløypene er særs korte rekna i meter.
Vi håper Velledalen IL vert representert neste gong det vert arrangert o-løp i Møre og Romsdal.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.