Sommarløp Ålesund: Fire VIL-løparar i aksjon

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Mai 2024

37 utøvarar fullførte løpet i Ålesund der distansane var 4 km og 8 km

 

Velledalen IL hadde tre løparar i aksjon mellom dei 20 utøvarane som fullførte 4 km. Her vart May Evy Nesheim beste kvinne på tida 16.30. Irene Mork sytte for dobbeltsiger i klasse K 45-49 til Velledalen IL med tida 22.09. Svein Arne Nakken vart nummer seks totalt på fire km, men vann klasse M 55-59 på tida 18.07.

Best tid på fire km hadde Erik Sondre Paulsen frå Ålesund med tida 14.07.

 

Fridtjof Fredriksen var åleine om å representere Velledalen IL i løpet over 8 km. Fridtjof vart nummer ti totalt, men kom inn som klassevinnar i M 55-59 på tida 34.45. Dette var Fridtjof sin tredje klassesiger i M 55-59 denne våren.

Beste herretid på 8 km hadde Marcus Megrund, IL Valder på tida 27.11

Beste kvinnetid til Janne Elin Vatnaland, Ålesund, på tida 32.26

 

Elles positivt at Sunnylven IL hadde fire løparar med.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.