Konradløparen «Pibben» Bjørnestad
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Mai 2024
Fyrst i det åttande Konradløpet i 2009 såg han seg syn med å debutere.
Per Inge Bjørnestad debuterte i Konradløpet året han passerte 38, i året 2009. Mykje av fritida gjekk med til fotball i lågare divisjonar. Han herja på midtfeltet, kondisjonen var i orden, det såg alle. Løpet i 2009 gav tydelegvis meirsmak. Tida vart sterke - til debutant å vere – 16.53. Plasseringa fin, nummer ti av kring 300 påmelde.
Faktum er, at etter løpet i 2009, har Pippen Bjørnestad stått over berre eitt Konradløp. Det var i 2014. Det året mannen som nyleg sette ny klubbrekord på maraton (Espen Utgård Sæther), sprang Konradløpet på 19.29 (I år sprang same mann PåskeKonrad på 14.32) Utvikling…..?
Slik har Per Inge gjort det i Konradløpet:
2009: 16.53 (debutant) – 10.plass
2010: 16.05 – 4.plass
2011: 16.00 – 7.plass – Konradmedaljen i sølv
2012: 15.37 – 4.plass
2013: 16.04 – 4.plass
2014: Fråverande
2015: 15.32 – 6.plass (personleg rekord) – Konradmedaljen i gull
2016: 15.59 – 5.plass
2017: 16.24 – 4.plass
2018: 16.55 – 7.plass – svakaste tida hans
2019: 16.36 – 4.plass – Konradløpet sin 10 års premie
2020: Koronapause
2021: Koronapause
2022: 16.13 – 5.plass
2023: 15.59 – 7.plass
2024: 15.58 - 9.plass – som 53-åring
Dette er ei liste å vere stolt av. Nær minuttet raskare som 53-åring enn som 38-åring. Alle år mellom nummer fire (heile fem 4.plassar) og ti på resultatlistene. Somme vil kanskje bemerke at der er ein liten «slakke» i åra 2017-2019. Dette var åra han var plaga med skadar. Stort sett er «Pibben» stabil rundt 16.00. I det området har han notert: 16.05 – 16.04 – 16.00 – 15.59 – 15.59 – 15.58. Stabil kar!
Sesongen er enno ung. Den teiknar godt for mange av Velledalen IL sin løparar – «Pibben» Bjørnestad inkludert.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.