Eikenosa Opp laurdag 18.mai
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Mai 2024
Foto frå 2023
18.mai vert årets fyrste motbakkeløp arrangert i Ålesund
Eikenosa Opp vert rekna som eit moderat motbakkeløp. Ikkje langt i lengde og ikkje så altfor mange høgdemeter. Løpet har start heilt nede ved sjøen i Eikenosvågen, klokka 15.00 presis. Det er nettpåmelding heilt fram til 14.45 løpsdagen (18.mai). Utdeling av startnummer finn stad ved Kiwi Flisnes i tidsrommet 13.45 – 14.45.
Ein finn meir informasjon om løpet under «ålesundsløpene».
Tysdag 14.mai klokka 22 hadde løpet 15 påmelde. Frå Velledalen IL:
Ole Martin Kosnes M 35-39
Frode Mauren M 50-54
Deltakinga vert nok vesentleg større, og vi håper på minst ei handfull deltakarar frå Velledalen IL
Løpet har eiga trimklasse med tidlegstart.
Og vi minner om at laurdag 18.mai er det ei veke att til KM halvmaraton på Vartdal (laurdag 25.mai)
I det løpet har Velledalen IL førebels sju påmelde utøvbarar.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.