Sommarløp i Ålesund 22.mai.

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Mai 2024

Foto: Susan Gjerde.

Løparen med startnummer 1142 er Frank Andersen. Han sprang også Koldabakken Opp 2.pinsedag, og er ein potensiell VIL-løpar i framtida. Elles er det kjende utøvarar ein finn på fotoet.

45 utøvarar kom til mål i varmen – seks av desse representerte Velledalen IL.

Denne gongen var det størst felt på 10 km med 27 fullførande. VIL sine representantar på distansen var Fridtjof Fredriksen og Svein Arne Nakken, begge i klasse M 55-59. Raskast på 10 km var Lars Thoresen Haug frå Ålesund med den fine tida 35.29. Beste kvinne på distansen vart Viktoria Maria Gundersen, Sportsklubben Vidar, med tida 41.42.

 

Mellom dei 18 fullførande på 5 km hadde Velledalen IL beste herre i Vegard Riksheim Tandstad (18.07), og beste kvinne, May Evy Nesheim (21.05).

Slik gjekk det med VIL-løparane denne gongen:

5 km:

18.07: Vegard Riksheim Tandstad – nr 1 i M 30-34

21.05: May Evy Nesheim – nr 1 i K 45-49

27.44: Irene Mork – nr 2 i K 45-49

30.00: Anita Holmberg – nr 1 i K 60-64

 

Andre sykkylvingar:

24.42: Frank Andersen – nr 4 i M 35-39

 

10 km:

44.46: Fridtjof Fredriksen – nr 2 i M 55-59

48.05: Svein Arne Nakken – nr 3 i M 55-59

 

Andre sykkylvingar:

44.02: Fredrik Alvestad – nr 3 i M 30-34

46.22: Fredrik Hole Ulla – nr 4 i M 30-34


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.