Ålesund Maraton: Tre VIL-ambassadørar
Postet av Atle Jomar Hole den 28. Mai 2024
Påmeldingane susar inn til Ålesund Maraton som vert arrangert laurdag 8.juni. Tre VIL-løparar er ambassadørar for løpet.
Dei tre er May Evy Nesheim, Frode Mauren og Stig Marius Vestnes. Der ligg mange oppgåver i det å vere ambassadør. Mellom anna å snakke vel om arrangementet og få deltakarar til å melde seg på. Og alt tyder på at dei har lukkast i eigen klubb. Tysdag 25.mai klokka 18.00 stod 15 VIL-løparar på påmeldingslistene. Og talet vil stige.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.