Ålesund Maraton: Tippekonkurranse
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Jun 2024
Du kan bli premiert om du leverer eit bra tips på slutt-tidene til Hilmar Kråkenes (heilmaraton) eller Eline Langlo (10 km)
Tips heilmaraton:
Kor lenge brukar Hilmar Kråkenes i klasse M 45-49 på maratonløpet sitt i Ålesund laurdag 8.juni. Du skal vite at Hilmar har trena særs godt siste tida.
I alt står det 58 namn på deltakarlista i heilmaraton torsdag kveld. Fire av desse i klasse M 45-49, nemleg Darius Bemben frå Ddynia (Polen), Njål Bele (Ålesund) og Stian Skretting (Langevåg)
Hilmar er klasse-favoritt, og topp-3 kandidat på heilmaraton totalt sett.
Men kor lenge brukar Hilmar. VIL-nett trur tida vil ligge i intervallet 2.45 – 3.10. Men løpet er langt, ting kan skje.
Velkomen som tippedeltakar på Hilmar sitt løp!
Tips 10 kilometer:
Her spør vi; kor lenge brukar Eline Langlo på sin 10 km i Ålesund. I alt står 247 namn på påmeldingslista på distansen torsdag kveld. I klasse K 23-34 har førebels 37 utøvarar meldt seg på.
Her oppgir deltakarane stipulert sluttid ved påmelding:
2 stk meiner dei vil bruke 30-40 minutt.
4 stk meiner dei vil bruke 40-50 minutt.
22 stk meiner dei vil bruke 50-60 minutt (mellom dei Eline).
9 stk har til hensikt å bruke over 60 minutt.
Velkomen som tippedeltakar på Eline sitt løp!
Beste tipset på kvart av løpa vert premiert
Vi ser helst at tipsa vert levert på Velledalen IL facebook – eller:
alf.petter.boe@icloud.com – 901 62 279
atlehole@online.no – 917 43 761
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.